Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i grunnskolen.
Kommunen kan gi forskrifter om undervisningstid ut over timerammene i forskriftene etter første leddet.
Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.


§ 2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa (utdrag)
Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter